Kommunale tenester

For oss i Solrenningslista er det viktig at Modalen kommune har gode tenester til alle som bur her.

Me vil arbeide for gode oppvekstsvilkår for born og unge, gode arbeidsvilkår for dei som arbeider i kommunen, og for at dei eldre kan ha ein trygg og god alderdom her i Modalen.

Då ser me det som viktig å bevare eit godt barnehagetilbod. Me ser det og som viktig å ha eit godt lokalt skuletilbod, der gode ordningar som frukt og lunsj på skulen, tilgang til symjehall, gymsal og bibliotek i Bryggjeslottet i skuletida kan halde fram.

Me vil arbeide for ein god og motiverande lønnspolitikk for tilsette i kommunen, som kan medverke til å auke kompetansen som me treng, for å oppretthalde og vidareutvikle eit godt tenestetilbod, til dei som treng det. God og rask sakshandsaming av søknader er og eit godt varemerke for våre kommunale tenester.

Moglegheit for gode fritidstilbod til alle i heile dalen ynskjer vi å leggje til rette for. Turvegar i nærområde, fokus på kultur og aktivitetstilbud til born og unge m.m.

Me vil og arbeide for gode og tenlege tilbod for dei eldre, både med tanke på dei som ynskjer og kan bu heime, og dei som har hjelpebehov som gjer at dei treng ein plass på Helsetunet.

Kort oppsummert vil Solrenningslista arbeide for at det både er, og blir godt å «leve heile livet» i Modalen.

Næringsliv

I ei kvar bygd er alt av næringsliv viktig. Arbeidsplassar, store som små, skaper bygdene og heldt liv i dei. Ikkje noko arbeid, ingen folk. Så enkelt kan det seiast.

Solrenningslista vil arbeide for at me opprettheld gode ordningar for folk som vil vidareutvikla bedriftene sine, eller ynskjer å etablera nye.

Modalen kommune skal støtte folk som ynskjer å skape eller utvikle arbeidsplassar. Gode idear og planar vil bli høyrd av lokalpolitikarar frå Solrenningslista.

Solrenningslista vil og arbeide for eit større fokus på næringsutvikling via feks. Modalen Næringsbygg og Modalen næringsfond.

Vegane våre

Vegane våre

Vi vil arbeide for trygge vegar

Vegar er ikkje berre asfalt og grus, vegar bind saman bygdene og syter for varetransport, kjøring til og frå jobb og fritidsaktiviter, trygg beredskap i krisesituasjoner m.m. Vi vil jobbe for at fylkeskommunen skal prioritere sikring eller alternative løysingar slik at folk kan ferdas i kommunen vår utan å vera redd for liv og helse.

Bustadpolitikk

Bustadpolitikk

Me i Solrenningslista vil ha fokus på bustadbygging.

Me ynskjer å oppretthalde dei gode ordningane me har for bustadbygging i Modalen, og leggje til rette for busetnad i heile kommunen. Dette kan bidra til å oppretthalde nærtilbod til fleire.

Me vil at det skal vera buplass for ungdom som ynskjer å flytte heim att, og for nye tilflyttarar. Me ynskjer at dei tilpassa eldrebustadane som alt fins, skal vera forbehalde eldre.

Kommunale bustadar skal halda ein god standard.

Landbruk

Landbruk

Saman med sanddrift er landbruk ein del av identiteten til Modalen, men diverre minkar det på gardsbruk som er i drift i dag.

Solrenningslista ynskjer eit aktivt landbruk i Modalen. Eit landbruk som held kulturlandskapet i hevd og nyttar den verdifulle matjorda me har her. Me vil stimulera til positiv utvikling ved å behalde gode støtteordningar som gjev bonden moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass på garden. Modalen kommune kjøper landbrukskompetanse hjå Alver kommune. Det er viktig at me fortset eit slikt samarbeid for god oppfyljing av landbruket. Målet må vere å oppretthalde gardsdrift på bruka.

Vasskraft

Kraft

Modalen har lange tradisjonar som energikommune. At vi nyttar desse ressursane skapar grunnlag for mykje av det som i dag er Modalen.

Modalen bidreg også med ein betydeleg andel konsesjonskraft til Fylkeskommunen.

Vasskraft

Norge (Statkraft) har meir enn 125 års erfaring med vasskraft og er Europas største vasskraft produsent. Vasskrafta utgjer mesteparten av den norske kraftproduksjonen. 

I Modalen produserer vi (gjennomsnittleg årsprod.) ca 1152 GWH som tilsvara 0,84% av total norsk produksjon. 

Eviny produserer rund 1144 GWH på ett år i Modalen*. Om vi set straumprisen til kr 2,00 pr. KWT, vil dette utgjere ca. 2,2 mrd.. Av dette sitt Modalen kommune att med rundt 22 millionar i 2022 (ca 1%).

Solrenningslista meinar at vasskrafta er ein av dei viktigaste berebjelkane i Modalen. Vi ynskjer å oppmuntre til utbetring og oppgradering av kraftverk i Modalen. Samstundes må kommunen vere medviten dei negative påverknadane på miljøet som vasskraftutbygging fører med seg og sjå til at konsesjonsvillkåra vert fylgt.

*https://www.eviny.no/vannkraft/kraftverk/modalsvassdraget

Vindkraft

Vindkraft

Berekraftig?

Vindmøller ligg høgt på lista over berekraftige produkt, sidan dei produserer energi utan å sleppe ut CO2. Ifølge GWEC* bidrar vindenergi til å unngå 1,2 milliardar tonn karbondioksidutslepp årleg. (https://www.prosjektbloggen.no/ 11. jan. 2023)

*Den internasjonale bransjeforeninga for vindkraftindustrien

I dag produserer vasskraftverka i Modalen det same som ca 200 vindmøller.

Kva meiner Solrenningslista om vindkraft?

Vindkraft er eit alternativ for utbygging av fornybar energi i kommunen vår. Dette er eit tema som ber med seg mange mogelegheiter og utfordringar, og også ulike meiningar.

På landsbasis har debatten vekt stort engasjement. Det er viktig i Modalen at også denne saka vert ein del av den offentlege debatten. Likeså viktig er det at vi høyrer på og respekterer kvarandre, slik at vi kan ha eit fruktbart ordskifte som grunnlag for våre val og prioriteringar.

Solrenningslista har ikkje mottatt nok konkret informasjon om fordelar og ulemper med ei slik eventuell utbygging i Modalen. Om saka vert grundig kartlagt og den kjem på kommunestyret sitt bord, vil vi be bygda om råd gjennom ei folkerøysting.

Alle statistiske data er henta fra https://www.ssb.no/kommunefakta/modalen (03.08.23)